Kvipt er ein gamal fjellgard med bygningar tilbake til tidleg på 1600 talet. Ein møtestad for bygdefolk og ferdafolk, med tradisjon og kultur heilt attende til middelalderen.

Kvipt Gjestegard ligg i fjellbygda Birtedalen, på grensa mellom Fyresdal og Setesdal 600 m.o.h. Garden ligg omkransa av vakker og særeigen natur, eit eldorado for turar med høve til jakt og fiske på store område.

Gardstunet består av fleire nyrestaurerte hus samt bygningar i 1600 tals byggeskikk.

Kvipt Gjestegard høver godt for: grupper, turgåarar, sportsfiskarar, jegarar (småvilt), kunst-, kultur- og historieinteresserte, selskap, bryllaup, bursdagar, kurs og seminar

Kvipt Gjestegard - Birtedalen - 3870 Fyresdal
Tlf: 907 32 456 - E-post: olavkvipt@gmail.com